Arendalsuka 2024: oversikt over regionale arrangement

Aktørar frå Haugalandet og Sunnhordland er sterkt til stades under Arendalsuka 2024. Her finn du ei liste over arrangement med lokalt vertskap.

Folksomt under Arendalsuka 2023
Arendalsuka 2023. Foto: Mona Hauglid.

Det er snart tid for den årlege Arendalsuka. Her er lokale representantar i pollen i Arendal i 2023. Frå venstre: Marte Eide Klovning, Tore Meinert, Linn Therese Erve, Sigmund Lier, Kaja Elisabeth de Ru-Paulsen og Tiril Fjeld.

Arbeidskraft og kompetansebehov, industriell symbiose, grøn omstilling i maritim sektor og havvind som nytt norsk eksporteventyr. Dette er litt av tematikken på dei lokale bidraga under Arendalsveka 2024, som går av stabelen 12-16.august.

Arendalsuka er eit årleg arrangement der aktørar innan politikk, samfunns- og næringsliv møter kvarandre og andre for meiningsutveksling og utforming av politikk. Dette er ein viktig møteplass – også for vår region, seier dagleg leiar i Haugaland Vekst, Sigmund Lier.

– Arendalsuka er eit utstillingsvindauge for regionen, eit høve til å markera oss, visa fram våre fortrinn og invitera til samarbeid. Dette gjer me både gjennom å invitera til eige arrangement, delta i debattar og gjennom å byggja nettverk. I tillegg er dette ein arena der me kan henta inspirasjon og læra av andre. Haugaland Vekst og Haugalandsrådet stiller mannsterke i år og ser fram til ei innhaldsrik og nyttig veke i Arendal, seier Lier.

I løpet av Arendalsuka skal eit hav av ulike aktørar gjennomføra over 2000 arrangement i sørlandsbyen. Under finn du ei oversikt over ulike arrangement med vertskap frå Haugalandet og Sunnhordland.

Slik finansierer me eldrebølgja – om utanforskap, arbeidsinnvandring, tradwives og eldre i arbeid

Arrangør: Haugaland Vekst og Region Sunnhordland

Korleis opprettheld me økonomisk vekst i møte med grøn omstilling og ei aldrande befolkning? Det enkle svaret er at fleire må stå lenger i arbeid, færre kvinner må jobba deltid, fleire uføre må inn i arbeidslivet og arbeidsinnvandringa må opp. Men er det så enkelt?

Kvar femte nordmann i arbeidsfør alder står i dag utanfor arbeidslivet. Talet på unge uføre har dobla seg dei siste ti åra. Forsøk på å importera arbeidskraft blir møtt av eit tunggrodd system. Meir enn ein tredel av kvinnene jobbar deltid og tradwife-trenden går viralt i sosiale media. Sjølv om mange oppgir at dei ønskjer å jobba etter fylte 67 år, er det langt færre som faktisk gjer det.

Samstundes skrik næringslivet og det offentlege etter arbeidskraft og kompetanse. Lærarar, sjukepleiarar, ingeniørar og IT-konsulentar er mangelvare. På Haugalandet og i Sunnhordland er det eit stort og aukande behov for både fagarbeidarar og folk med høg utdanning innan både etablerte og nye grøne næringar som havvind, batteriproduksjon, CCS og ammoniakk. Store arbeidsintensive industrietableringar er rett rundt hjørnet i det som er Noregs største ferdigregulerte næringsområde.

«Arendalsuka er eit utstillingsvindauge for regionen, eit høve til å markera oss, visa fram våre fortrinn og invitera til samarbeid».

Sigmund Lier, Haugaland Vekst.
Haugaland Vekst og Region Sunnhordland har samanfallande interesser og samarbeider godt, her under Arendalsuka 2023.

Industriell symbiose i praksis

Arrangør: Haugaland Næringspark, Industriell Symbiose Haugalandet og Haugaland Vekst.

Industriaktørar på Haugalandet presenterer konkrete døme på gevinstar ved industriell symbiose. Prosjektet «Industriell symbiose Haugalandet» har vist at ein gjennom samarbeid og deling av ressursar kan oppnå energi- og ressurseffektivisering og meir berekraftige løysingar. I tillegg deler Siva frå sitt ferske kunnskapsgrunnlag til industriparkstrategi, som blir overlevert til regjeringa dagen etter.


Ammoniakk som mogleggjer utsleppsfri skipsfart – kva må til?

Arrangør: Iverson eFuels AS

Iverson eFuels AS planlegg verdas største grøne ammoniakkfabrikk i Sauda. Under Arendalsuka inviterer selskapet til føredrag og diskusjon om korleis ammoniakk kan bidra til at Noreg når målet om klimanøytralitet gjennom transformasjon av skipsfartsektoren. Deltakarane vil mellom anna få innsikt i potensialet til teknologien og i Iverson eFuels sine planlagde investeringar og samarbeidspartnarar.


Sustainable Energy katapultsenter på Stord stiller i år med tre ulike arrangement:

Framtidas løysingar for ein grønare skipsfart

Arrangør: Sustainable Energy AS

Korleis skrur me opp farta i utviklinga av låg- og nullutsleppsløysingar til skipsfarten? Sustainable Energy katapultsenter på Stord er verdsleiande på testing av energieffektive energisystem til skipsfarten. Under Arendalsuka inviterer dei industriaktørar og politikar til ein uformell prat om kva som skal til for å raskare ta i bruk framtidas drivstoff.


Den norske havvind-satsinga –  eit nytt eksport-eventyr?

Arrangør: Sustainable Energy AS

Den globale flytande havvindmarknaden er gigantisk. Norsk teknologi er verdsleiande og har lenge hatt eit solid forsprang, men fleire andre land satsar no enorme summar på dette området. Kva skal til for at dette skal bli Noreg sitt neste store eksporteventyr?


Frå verdsleiande teknologi-import til auka norsk eksport

Arrangør: Sustainable Energy AS

Norsk katapult er eit nasjonalt tilbod med fasilitetar og kompetanse for testing, simulering og verifisering av nye løysinger til industrien. Denne seansen har fokus på kva som trengs av testinfrastruktur for å auka norsk teknologieksport.


Nye drivstoff til skipsfarten – korleis få verdikjedene i gang?

Arrangør: Maritime CleanTech

Manglande tilgang på miljøvenlege drivstoff gjer at omstillinga av skipsfarten heng etter. Samstundes spissar kampen om den reine krafta seg til. Kva etterspør skipseigarane, og kva treng drivstoffleverandørane for å få tilbodet i gang? Har storting og regjering dei rette verktøya for å setja fagre lovnader om grønt industriløft ut i livet?


Flaggfrukost – Med norsk flagg som verkemiddel i det grøne skiftet

Arrangør: Sjøfartsdirektoratet og Maritime CleanTech

Korleis utviklar teknologien og marknaden seg, og korleis navigerer skipseigarane gjennom eit landskap i stadig endring?


Rogaland og Vestland fylkeskommune er arrangør/medarrangør for følgjande arrangement:

Korleis kan me styrkja Noreg sin posisjon som ein attraktiv destinasjon for internasjonal arbeidskraft?

Arrangør: Rogaland fylkeskommune

Noreg står overfor eit kompetansegap på fleire nøkkelområde, og internasjonal arbeidskraft er avgjerande for å dekkja dette behovet. Likevel jobbar ikkje Noreg systematisk med å tiltrekkja og integrera internasjonal arbeidskraft slik dei andre nordiske landa gjer og manglar profilering som eit attraktivt land for bu- og arbeidsliv. Haugaland Vekst deltek i debatten.


Kraft til grøn industri i Sør-Noreg

Arrangør: Rogaland fylkeskommune m.fl.

Sør-Noreg er ein viktig region for at regjeringa skal lukkast med sitt grøne industriløft. Dette arrangementet er ein samtale om kva som skal til for at landsdelen utnyttar alle moglegheiter for kraftforedlande industri i det grøne skiftet.


Hydrogen, framtidas energiberar – kven skal bera den fram?

Arrangør: Rogaland fylkeskommune m.fl.

Hydrogen ligg an til å bli ei sentral klimaløysing og ein viktig norsk industri framover. Det er behov for auka kompetanse i heile verdikjeda og på alle utdanningsnivå. Samstundes er det eit gap mellom kompetansebehovet og tilbodet til utdanningsinstituasjonane. Kven skal gjera jobben, kva kompetanse trengs og kven skal utdanna folka?


Kan kommunane sine matstrategiar bidra til meir lokalmat?

Arrangør: Rogaland fylkeskommune m.fl.

Debatt om korleis dei offentlege måltida kan bidra til betre folkehelse, klima, næringspolitikk og sjølvforsyning gjennom implementering av matstrategiar.


Frukostmøte med Grøn Region Vestland

Arrangør: Vestland fylkeskommune

Prosjektet Grøn Region Vestland skal bidra til den grøne omstillinga i Vestland fylke. På dette frukostmøtet får du ein presentasjon av prosjektet.

Kjenner du til andre arrangement med lokalt vertskap som ikkje står på denne lista Tips oss gjerne!

Abonnér på våre nyhetsbrev