Jubel på indre kai: Statssekretær Tom Kalsås og lokale stortingsrepresentantar kom med gladnyheitene frå NTP til lokalpolitikarar og presse på indre kai i Haugesund fredag føremiddag.

Den ulukkesutsette strekninga Bakka-Mo på E134 i Etne kommune er inne i ny Nasjonal Transportplan: – Ei svært gledeleg nyheit for Haugalandet

Samferdselsdepartementet presenterte lekasjen på ein pressekonferanse i Haugesund fredag føremiddag. Regjeringa bevilgar 2,4 milliardar til ny europaveg frå Bakka i Stordalen til Mo (bru) like ved Etne sentrum i løpet av komande vegplanperiode (2025-2036). Dette utgjer om lag halvparten av den 41 kilometer lange strekninga Bakka-Solheim.

– Det har vore tøffe prioriteringar for å sy saman ein ny plan eitt år før tida, men regjeringa prioriterer Bakka – Mo, sa statssekretær Tom Kalsås til pressa på indre kai i Haugesund

– Nyttar å stå saman

Eit samla ordførarkorps på Haugalandet har gjennom Haugalandsrådet jobba tett og lenge med å få nasjonale styresmakter til å prioritera den ulukkesutsette strekninga Bakka-Solheim på E134 i Vindafjord og Etne kommune.

– Dette er ei svært gledeleg nyheit for Haugalandet som viser at det nyttar å stå saman og jobba for å få gjennom saker nasjonalt. Men me er ikkje i mål og me kjem til å jobba på for å få heile strekninga Bakka-Solheim inn i NTP, seier Vindafjord-ordførar og ressursgruppeleiar for samferdsel på Haugalandet, Ole Johan Vierdal.

Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim jubla då nyheita blei kjend og lovar at kommunen skal gjera sin del for å få reguleringsplanen på plass.

– Bakka-Mo er det verste strekket, så det er riktig å begynna her. No skal me få reguleringsplanen på plass og kjempa vidare med uforminska styrke for å få inn resten av Bakka-Solheim, seier Etne-ordføraren.

Prioriterer Husøyvegen og nordleg innsegling

Ny NTP blir presentert fredag før påske. Sigmund Lier i Haugaland Vekst omtalar lekasjen om Bakka-Mo som ein delsiger for Haugalandet.

– Og ikkje minst for alle dei som brukar strekninga dagleg. Dette syner at det hjelper når regionen står samla og har eit klart felles bodskap. Me kjem til å arbeide jobbe på vidare for å få inn heile Bakka- Solheim-strekninga. I tillegg ventar me i spenning på Hordfast», avsluttar Lier.

Også Husøyvegen på Karmøy og nordleg innsegling til Haugesund er inne i ny NTP. Husøyvegen har eit kostnadsanslag på ca 170 millionar kroner, medan det er prioritert 106 millionar kroner til ny innsegling i første sekssårsperiode.