Regionen vår har fleire viktige vegstrekningar som treng oppgradering. Kva gjer Haugaland Vekst med Nasjonal Transportplan?

Arbeidet med Nasjonal Transportplan (NTP) som skal gjelda 2025-2036 er godt i gang. Planen er at denne skal vedtakast av Stortinget eit år tidlegare enn det normalt blir gjort, altså om eit år. 

– Fagetatane har gitt sine innspel, og det er høyring på desse no. Haugaland Vekst, og alle kommunane på Haugalandet, har delteke i eigne høyringskonferansar med fylkeskommunane, fortel rådgjevar i Haugaland Vekst, Øyvind Valen.

Innspela frå kommunane finn du her!

Dei viktige sakene for regionen vår er:

  • E-134: Rask oppstart av ny veg over Røldalsfjellet, full fart på planlegging for resten av fjellet, samt oppstart av detaljplanlegging Bakka-Solheim.
  • E-39: Fullføring av Rogfast, framleis tempo på planlegginga av Hordfast og vegen mellom Bokn og Stord
  • R-13: Rassikring i Suldal
  • Auke i løyvingane til fylkesvegar

Kamp for Bakka-Solheim og Hordfast

– Slik det ser ut no ligg rassikringa av Rødsliane og Rogfast  inne som såkalla «bundne prosjekt». Kor fort dei andre prosjekta kan koma i gong vil avhenga av prioritering og kor stor ramme som blir sett av. Eit prosjekt; Bakka- Solheim blir foreslått teke ut av planen, og det er og krefter i Bergensområdet som vil ta ut Hordfast. På denne bakgrunnen vedtok regionrådet i juni ein kraftig uttale om desse to prosjekta, fortel Valen. Les meir her: Hordfast og Bakka-Solheim må inn i NTP no!

I februar hadde Haugaland Vekst samferdsleministeren med på ei samling som og inkluderte busstur på strekninga Aksdal-Bakka på E-134. Dei fleste ordførarane var med på turen saman med andre aktørar. Denne turen gav statsråden godt innblikk i utfordringane med denne strekninga. Besøket er omtala i fleire aviser, mellom anna Grannar og Haugesund Avis og i NRK-Rogaland