Rogfast styrkar den regionale satsinga på grønt industriløft
Stortinget vedtok utbygging og finansiering av prosjektet E39 Rogfast i Randaberg, Kvitsøy og Bokn kommunar i Rogaland i 2017.
Rogfast-prosjektet vil styrkja Haugalandet si satsing på nye grøne næringar. På kort sikt vil tunnelen bidra til fleire arbeidsplassar og arbeidstakarar og på lang sikt trekkja fleire fastbuande til regionen.
Haugalandet vil få stor gevinst av ein ferjefri Europaveg mellom nord- og sør-fylket, kjem det fram i analysen, som er utført av Prognosesenteret i samarbeid med Rambøll.
Oppdragsgjevarane er Haugaland Vekst ved Regionrådet for Haugalandet, Næringsforeningen Haugalandet og Rogaland Fylkeskommune, som alle såg behovet for ei oppdatert utgreiing av konsekvensane og moglegheitene knytt til E39 Rogfast-prosjektet.
– Rogfast vil auka mobiliteten og bidra til regionsforstørring. Tunnelen vil byggja opp under ein meir dynamisk bu- og arbeidsmarknad i heile regionen, sa Kåre Elnan i Prognosesenteret då han la fram den ferske rapporten for over 200 tilhøyrarar på HVL i Haugesund den 14. november.
Analysen av «Rogfast-effekten» ser på konsekvensane og moglegheitene knytt til E39 Rogfast-prosjektet innan fire spesifikke område:
- arbeidsplassutvikling
- utvikling av godstransport på veg og sjø
- befolkningsutvikling og flyttemønster
- utvikling i reisemønster og bruk av samferdseltilbod, inkludert flyreiser
– Rogfast gir store moglegheiter for Haugalandet, men også for heile Vestlandet. Me får fleire arbeidsplassar som følgje av industri- og bedriftsetableringar, som på sikt vil bidra til auka bustadbygging.
Sigmund Lier, dagleg leiar i Haugaland Vekst
Arbeidsplassutvikling: Styrkar næringsstrukturen
Maritim industri står sterkt på Haugalandet og regionen har alle føresetnader for å lukkast med eit grønt industriløft, som er eit satsingsområde for regjeringa. Havvind, karbonfangst, hydrogenproduksjon og batteriproduksjon er døme på grøne framtidsnæringar som allereie er på frammarsj på Haugalandet. Rogfast-rapporten vurderer at den nye tunnelen vil forsterka den allereie etablerte næringsstrukturen på begge sider av Boknafjorden og medføra gevinstar for bedriftene på Haugalandet så vel som i Stavangerregionen – eit vinn-vinn-scenario.
Rogfast gir bedriftene i fylket tilgang til eit større kundegrunnlag. Ein utvida arbeidsmarknad gir dessutan lettare tilgang på arbeidstakarar og riktig kompetanse. Ifølgje analysen har Haugalandet fleire fortrinn med omsyn til bedriftsetableringar, mellom anna på grunn av stor tilgang på ledige næringsareal, kraft og relativt låge leigeprisar på industri- og kontorlokale. Det er dermed grunn til å tru at Rogfast vil medføra vekst og bedriftsetableringar innan areal- og transportintensive bedrifter. I sum vil dette medføra fleire arbeidsplassar på Haugalandet.
– Rogfast gir store moglegheiter for Haugalandet, men også for heile Vestlandet. Me får fleire arbeidsplassar som følgje av industri- og bedriftsetableringar, som på sikt vil bidra til auka bustadbygging, seier Sigmund Lier, dagleg leiar i Haugaland Vekst.
Godstransport sjø og veg: konsolidering og spesialisering av hamnene
Vegtransporten blir meir effektiv med Rogfast, men det er ifølgje rapporten ikkje grunn til å tru at godstransport blir flytta frå sjø til veg, ei heller at tunnelen vil føra til konkurransevriding mellom Stavanger Havn og Karmsund Havn. Rogfast vil bidra til konsolidering og spesialisering av dei to hamnene. Hamnene vil framleis vera eit knutepunkt for vareflyten, særleg frå utlandet.
– Rapporten viser at me riggar vegsystemet vårt inn mot E39 og Rogfast. Rogfast vil føra til vekst på begge sider av fjorden og rapporten viser tydeleg at trafikken vil gå begge vegar, seier Lier i Haugaland Vekst.
Befolkningsutvikling: Høg befolkningsvekst frå 2035
Rogfast-rapporten spår høg befolkningsvekst på Haugalandet frå 2035 – to år etter at Rogfast skal stå ferdig. Arbeidsplassvekst vil på kort sikt føra til pendling, medan det på lang sikt vil bidra til tilflytting. Prognosesenteret estimerer 11 prosent folkevekst over ein 15 års periode. Det betyr 14.000 fleire fastbuande på Haugalandet i 2048.
Føresetnaden er at regionen stimulerer til bedriftsetableringar og tilpassar bustadmassen til framtidige behov. Det må utviklast eit meir differensiert bustadtilbod – fleire leilegheiter og enkle, lettstelte bustader med sentral plassering. Dette for å ivareta ein aldrande befolkning samstundes som ein frigjer einebustader for tilflyttande barnefamiliar.
Haugalandet har ifølgje analysen eit konkurransefortrinn når det gjeld bustadprisar og tilfredsstiller dei viktigaste kriteria som folk legg til grunn når dei vel buområde – nærleik til butikk, servicetilbod, arbeidsplassen og turområde.
I ei spørjeundersøking utført i samband med rapporten svarar over halvparten av dei spurde at dei ser på Haugalandet som eit attraktivt framtidig buområde. Aldersgruppa 30-39 år er mest positive.
Utvikling i reisemønster: Flyplassen består
Reisetida mellom Haugesund og Stavanger blir med Rogfast redusert til éin time – 40 minutt mindre enn i dag. Bompengekostnadene er svært viktige for effekten av Rogfast på reisemønsteret. Rogfast vil i første omgang bidra til ein auke i talet på pendlarar frå sør-fylket. På grunn av tidsbruk og bompengekostnad vil pendling gradvis gå over til flytting.
Begge flyplassane vil bestå og Rogfast vil ikkje favorisera verken Haugesund lufthavn eller Sola lufthavn. Konklusjonen er at andre faktorar, som bompengekostnad, billettprisar og rutetilbodet, vil ha større betyding for lufthamnene si konkurranseevne enn den auka mobiliteten som E39 Rogfast bidreg til.
Må jobba for gevinsten
Til tross for oppløftande funn, er det ingen garanti for at betre samferdselsinfrastruktur åleine realiserer samfunnsmåla for Rogfast-investeringa. Det er av stor betyding at regionane er engasjerte i å nå desse måla og bidreg til å forsterka dei positive verknadene.
– Det er gledeleg at konsekvensanalysen synleggjer alle moglegheitene som ligg i Rogfast for heile regionen, både med tanke på næringsutvikling og busetting. Samstundes peikar analysen også på utfordringar me må vera merksame på, og det er viktig at både kommunar og næringsliv legg inn naudsynte investeringar og tiltak framover. Me skal vera klare når sambandet endeleg opnar i 2033, og med eit framtidig Hordfast er me godt posisjonerte som eit knutepunkt på Vestlandet, seier Bernt Jæger, adm.dir. i Næringsforeningen Haugalandet.
Rapporten peikar på fleire viktige tiltak for å realisera moglegheitene og skapa ein meir fleksibel bu- og arbeidsmarknad:
- Eit interregionalt samarbeid om kollektivtilbod
- Parkeringsareal nær knutepunkt
- Gode tilkomstvegar til E39 og styrkja kvaliteten på vegstrekningane knytt til E39 Rogfast
- Sikra kompetansetilbodet til framveksande næringar
- Leggja til rette for eit meir variert bustadtilbod i sentrale område, utbygging av infrastruktur og servicetilbod
- Tilby nye næringsareal
Rogfast-rapporten baserer seg på deskriptive analysar, hushaldningsundersøkingar, bedriftsundersøkingar og djupneintervju.
FAKTA OM ROGFAST
Rogfast er ein undersjøisk tunnel under Boknafjorden. Etableringa vil gi ein ferjefri Europaveg mellom nord- og sør-Rogaland.
Stortinget vedtok utbygging og finansiering av prosjektet E39 Rogfast den 23. mai 2017.
Rogfast blir verdas djupaste og lengste tunnel, med ei kostnadsramme på 24,8 milliardar kroner.
Reisetida mellom Stavanger og Haugesund blir redusert med 40 minutt. Total køyretid blir på under éin time.
Vegsambandet skal etter planen stå ferdig i 2033