Statsråden forsikrar Haugalandet om Vestlandslegen
Regjeringa vil følgja planlagt framdrift i utrullinga av den desentraliserte studiemodellen Vestlandslegen.
Det slo statsråden for forsking og høgare utdanning Oddmund Hoel (Sp) fast i eit møte med Haugalandet i Oslo måndag den 11.november. Det betyr at Helse Fonna får eit kull på 25 legestudentar i 2029, og 75 legestudentar i løpet av ein treårsperiode.
– Me er svært letta og glade for lovnaden statsråden kjem med. Å styrkja legerekrutteringa er enormt viktig for både nærings- og samfunnsutviklinga på Haugalandet i åra som kjem. No forventar me at dette blir følgt opp og går som planlagt, seier Marte Eide Klovning og Ole Johan Vierdal, som representerte Haugalandsrådet på møtet.
Lovnaden kjem etter at regjeringa i september kom med nye signal som kunne tyda på at Helse Fonna ville bli nedprioritert. Dette vekte stor usikkerheit, stort engasjement og fleikre medieoppslag på Haugalandet, som har store utfordringar med legerekruttering.
Delegasjonen som måndag reiste til Oslo for å ta opp saka om Vestlandslegen bestod av to representantar frå Haugalandsrådet, Marte Eide Klovning (ordførar i Utsira kommune) og Ole Johan Vierdal (ordførar i Vindafjord kommune), administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland, eigardirektør i Helse Vest Ivar Eriksen og dagleg leiar i Haugaland Vekst, Sigmund Lier.
– Dette var ein vellukka Oslo-tur med ei klar stadfesting om at Vestlandslegen er i rute, og at regjeringa vil satsa på legeutdanning ved Helse Fonna, seier Vierdal og Klovning.
– Regjeringa har stor tru på Vestlandslegen
Føremålet med Vestlandslegen er å utdanna fleire legar på og til Vestlandet gjennom Universitetet i Bergen. Etter å ha tatt tre år av utdanninga si ved UiB, blir studentane sende vidare til Stavanger, Haugesund eller Førde for å ta dei tre siste der.
I den opphavlege framdriftsplanen for utrullinga av den nye desentraliserte studiemodellen, var Helse Fonna prioritert med oppstart i 2026 og dei første studentane inne i 2029. Det er estimert 25 plassar til Helse Fonna – til ei kvar tid 75 studentar i praksis her.
Nyleg kom det fram at Helse Førde har blitt løfta fram i køen, og dermed vil få si første gruppe med medisinstudentar via Vestlandslegen i 2028. Det har fram til no vore uklart kva betyding dette vil få for oppstarten ved Helse Fonna.
I møtet med Haugalands-delegasjonen, sa Hoel at regjeringa har stor tru på Grimstadutvalet og på Vestlandslegen. Regjeringa vil rulla ut ordninga som planlagt og oppmoda til tettare samarbeid mellom Helse Fonna og Helse Førde i tida framover.
Av strategisk betyding for Haugalandet
Vestlandslegen er noko Haugalandsrådet og regionen har jobba for lenge, saman med Helse Fonna og Høgskulen på Vestlandet (HVL). Rekruttering av legar til regionen er generelt viktig for utviklinga av regionen, som har store ambisjonar om berekraftig vekst i verdiskaping i åra framover. For Helse Fonna har Vestlandslegen stor strategisk betydning for målsettinga om å sikra ei berekraftig rekruttering av legar for framtida.
– Vestlandslegen vekkjer stort engasjement blant dei tilsette ved Helse Fonna, politikarar og andre i regionen. Eg er takksam for mobiliseringa og dei lokale kreftene som har fått denne saka opp på dagsordenen. Ordninga er svært viktig for føretaket og dei kommunale tilboda med tanke på rekruttering av legar i åra framover, seier Hovland, adm.dir. i Helse Fonna.
Med utgangspunkt i den kommuniserte opptrappingsplanen, har Helse Fonna lagt ned mykje arbeid og store ressursar i å førebu seg på å ta imot Vestlandslegen-studentane, mellom anna i form av kompetanseheving på undervising.
Fakta om Vestlandslegen
- Vestlandslegen er ei satsing ved UiB og helseføretaka som skal sikra studieplassar og tal på legar som blir utdanna i Noreg. Satsinga kjem i kjølvatnet av utgreiinga til Grimstadutvalet (2019), som tilrår ein betydeleg auke i utdanningskapasiteten av helsepersonell i Noreg.
- Den desentraliserte studiemodellen er eit samarbeidsprosjekt mellom universitet, høgskule, helseføretak og kommunar.
- Ordninga inneber at medisin-studentane tek dei tre første åra i Bergen, og dei tre siste i Stavanger, Haugesund eller Førde. Slik kan ein sikra at ressursar og kompetanse på heile Vestlandet kan byggast ut og takast i bruk i medisinutdanninga.
- Totalt skal det etablerast 120 nye studieplassar ved UiB. Stavanger universitetssjukehus var først ut til å tilby full klinisk medisinutdanning frå hausten 2023.
For meir informasjon, kontakt:
Sigmund Lier
Dagleg leiar, Haugaland Vekst
+47 971 98 320 | lier@h-vekst.no
Anders Hovland
Adm. dir. Helse Fonna
+47 932 87 565 | anders.hovland@helse-fonna.no