Moglegheitenes Haugaland

Haugalandet står ved eit vegskilje. Det høyrest kanskje dramatisk ut, men dette er ikkje eit veikryss av uro – det er eit kryss der me har nevane på rattet sjølv, med mulighetar i alle retningar. Spørsmålet er: Kva retning vel me? Veikartet for Haugalandet, med sine strategiske satsingar skal rullerast og nye satsingar skal løftast fram. Kva skal regionen satse på i åra som kjem?

Sigmund Lier, daglig leder i Haugaland Vekst
Sigmund Lier, daglig leder i Haugaland Vekst

Haugalandet står ved eit vegskilje. Det høyrest kanskje dramatisk ut, men dette er ikkje eit veikryss av uro – det er eit kryss der me har nevane på rattet sjølv, med mulighetar i alle retningar. Spørsmålet er: Kva retning vel me? Veikartet for Haugalandet, med sine strategiske satsingar skal rullerast og nye satsingar skal løftast fram. Kva skal regionen satse på i åra som kjem?

Veikartet for Haugalandet vart vedtatt av kommunane i 2021 og skal i løpet av året til ny behandling. Kva Haugaland har me tru på i framtida?

I ei verd i rask endring, der det grønne skiftet, digitalisering og global uro pressar fram nye løysingar, vil ikkje Haugalandet berre vera passasjer. Me vil sitje med rattet, og vera ein som viser veg. For det er ikkje berre storbyane som formar framtida åleine. Det gjer òg regionar som vår – med handlekraft, samarbeid og vilje.

Eg seier ofte: Haugalandet er ein juvel. Mellom to av dei største byane på Vestlandet ligg storregionen vår mellom Bokn og Bjørnen. Haugalandet og Sunnhordaland med noko heilt eige. Me har nærleiken til havet med ei sterk maritim næring, kort veg til kontinentet, industriarv og eit mangfaldig næringsliv. Me har kompetente folk, trygge lokalsamfunn – og ei sterk fellesskapskjensle. Haugalandet er ikkje berre plassert mellom Bergen og Stavanger – me utfyller dei. Me har rom for vekst, vilje til samarbeid og evne til å tenke heilskapleg. Det gir oss ei heilt spesiell stilling som ein motor for utvikling på Vestlandet.

Haugalandet er eit kraftsentrum for industri – og framtid, der industrien er ryggraden. Me har aktørar i verdsklasse: Eramet med sin unike posisjon i Sauda, Equinor på Kårstø, som er eit knutepunkt for norsk gass og energi. Hydro Karmøy, som produserer aluminium med lågaste klimaavtrykk i verda. Aibel, med ingeniørar, fagarbeidarar og prosjekt i fronten av både fossil og fornybar energi. Og eit vell av teknologibedrifter, leverandørar og gründerar som saman gjer regionen til ein av dei mest kompetente industriområda i landet. Haugaland Næringspark, Noregs største regulerte næringsområde, ligg klart for nye etableringar, kanskje hydrogen, ammoniakk, karbonfangst, batteri og datasenter. Og med Karmsund Havn – ein moderne og effektiv djupvasshamn har me eit logistikk-knutepunkt som knyter industrien til verda. Desse to saman dannar eit kraftsentrum for ny, grønn industri.

Når me no ser mot Utsira Nord og mulighetane innan havvind, er Haugalandet naturleg plassert som ein base for samanstilling, drift, vedlikehald og støttefunksjonar. Me har allereie ein kystinfrastruktur som er klar, og eit næringsliv som er klare for å bidra.

Det viktigaste me har, er ikkje berre krafta, kysten og kapitalen, men folka våre. Skal Haugalandet lukkast, må me løfte ungdommen og få dei til å satse heime. Då må me tilby noko meir enn arbeidsplassar. Me må tilby retning, muligheter og tru på framtida. Skule og næringsliv som samarbeider tettare. Me må utvikle fleire lærlingeplassar, meir tilpassa vidareutdanning og nye koplingar mellom fagskular, høgskular og lokalt næringsliv. Me heiar på ein kraftfull høgskule og ei sterk helseklynge i Haugesund. Me treng meir praksisnær opplæring, og fleire tydelege karrierevegar i regionen. Her har Haugalandet allereie mykje på gang, men konkurransen om kompetanse blir tøffare, og me må ligge i front. Har bedrifta di fått plass på yrkesmessa i september? Ein flott arena for å vise ungdommen kva karriereveg som er mogleg.

Haugalandet har landbruk og lokalmat, ei næring for framtida. Industrien er ein berebjelke, men det er òg landbruket. Haugalandet er ein sterk matregion, med bønder som leverer råvarer i verdsklasse, og har lang tradisjon for foredling. Me må løfte dette endå tydelegare som næring. Lokalmat, grønne verdikjeder og berekraftig matproduksjon er ikkje berre tradisjon, det er framtidsretta næring, med potensial for vekst, innovasjon og eksport. Ved å satse meir på lokal foredling, matopplevingar og rekruttering til grønne utdanningar, styrkar me både berekraft og verdiskaping. I ei verd der trygg mat blir viktigare og meir etterspurt, bør me våge å tenkje stort – også om dei små bruka.

Folk flyttar ikkje berre dit jobben er – dei flyttar dit livet er. Derfor må me byggje lokalsamfunn som er gode å leve i. Me må skape bumiljø som er trygge, grønne og mangfaldige. Med variert bustadbygging, gode kollektivløysingar, kulturtilbod, idrett og møteplassar for alle aldrar. Og me må sjå heile regionen under eitt. Me bur alle i ein kommune, men me bur også i ein kvardag. Her har Haugalandet mykje å bygge på: Sterkt samarbeid mellom kommunane, blant anna i Haugalandsrådet, og der felles mål gjennom det nye veikartet, og ein vilje til samspel som mange andre misunner oss. Me har vist at når me står samla, får me til meir.

For å lukkast i framtida, treng me enno betre infrastruktur – både fysisk og digital. Me må få fart på nye investeringar i veg, kai, kraft og fiber. I 2033 opnar Rogfast og me er mange som jobbar for ferjefritt også til Bergen. Eit Haugaland med god tilkopling er ein region der næring kan vekse og folk kan leve godt. Me må òg ta større plass nasjonalt. Haugalandet må bli høyrt når dei store prioriteringane skal gjerast. Derfor må me stå samla, med ei røyst som talar for ein samla region.

Haugalandet er ein foretrukken industriregion, men også mykje meir enn det. Visjonen vår bør vera klar: Haugalandet – ein drivkraft for grønn vekst og livskraftige lokalsamfunn. Me har fortrinna, kompetansen og krafta. Me har ungdom som vil, og eit næringsliv som er framtidsretta. Me byggjer no attraktive bumiljø, satsar på kompetanseutvikling, løftar landbruket, og kjempar for betre infrastruktur. Difor er Haugalandet ikkje berre ein god plass å bu, me er ein av dei mest føretrekte industriregionane i landet.

Så kva bør Haugalandet satse på i åra som kjem?

Har du tankar kring dette? Ta kontakt på lier@h-vekst.no

Sigmund Lier, daglig leder Haugaland Vekst IKS

Abonnér på våre nyhetsbrev