Ros til regjeringa for rask og grundig kvalitetssikring av Utsira Nord
Regjeringa la onsdag, i samband med statsbudsjettet, fram den eksterne kvalitetssikringa av støtteprogrammet for Utsira Nord som Stortinget bad om i juni. Det skjedde fire månader etter vedtaket og om lag ni månader før fristen. Det får ros frå ei brei samling av næringsliv, fagbevegelse, kommunar og hamner i Vestlandsalliansen.
PRESSEMELDING: Då Stortinget gjorde vedtaket, frykta mange at ei ekstern kvalitetssikring kunne bli ein stoppekloss for norsk havvind.
— Regjeringa har følgt opp vedtaket raskt, grundig og innanfor ein tidsplan som få trudde var mogleg – òg tilskunda av Høgre på Stortinget, som ønska at kvalitetssikringa blei gjennomført så effektivt og raskt som mogleg, seier regionleiar Christine Sagen Helgø i NHO Rogaland.
Meir enn eit enkeltprosjekt
Kvalitetssikringa samlar fleire vurderingar av effektane ei utbygging av Utsira Nord-prosjektet vil ha. Konsortia og Enova har bidrege med grunnlagsmateriale for vurdering av teknologiutviklingspotensialet, Oslo Economics har vurdert ringverknader og verdiskaping, NVE har vurdert verknader på kraftpris og kraftsystem og Wiersholm har analysert risikoen for staten. Energidepartementet har samla arbeidet til ei heilskapleg vurdering.
— Det har skjedd store endringar i energimarknader, geopolitikk, renter og industripolitikk dei siste åra. Eit oppdatert grunnlag gir sjølvsagt ekstra tryggleik, sjølv om vurderingane ikkje er overraskande for oss som følgjer næringa tett, dagleg leiar Sigmund Lier i Haugaland Vekst IKS.
— Ein positiv konsekvens av denne kvalitetssikringa kan vere, at eit godt faktagrunnlag fører til føreseieleg politikk vidare. Det vil i så fall vere bra for både prosjektet og for norsk havvindsatsing generelt, legg Lier til.
Ny marknad for verftsindustrien
Berre dei siste månadene har det blitt tydelegare korleis situasjonen er for verftsindustrien og leverandørar på Vestlandet og elles langs kysten. Redusert ny aktivitet innan olje og gass har allereie ført til oppseiingar. For desse arbeidsplassane har havvind blitt eit nytt bein å stå på, der kompetansen kjem til nytte. Førebels kjem oppdraga frå utlandet, men for ein industri som kjenner den reduserte etterspurnaden frå olje og gass tydeleg på kroppen, blir havvindutbyggingar her i Noreg stadig viktigare.
— Då er det ekstra viktig å halde framdrifta oppe, og vi er takknemleg for at departementet har vist slik effektivitet i denne saka, seier regionleiar Eirin Kristin Sund i LO Rogaland.
– Utsira Nord gir oss høve til å byggje vidare på norsk offshorekompetanse, utvikle ny teknologi og skape arbeidsplassar langs heile kysten. Kvalitetssikringa gir eit solid grunnlag for å ta neste steg, avsluttar Sund.
Om Vestlandsalliansen:
Vestlandsalliansen er eit uformelt namn på ei brei samling aktørar frå næringsliv, fagbevegelse, kommunar, hamner og regionale utviklingsmiljø som har samarbeidd for å sikre framdrift i arbeidet med Utsira Nord. Haugalandsrådet/Haugaland Vekst var initiativtakar og Haugaland Vekst har koordinert arbeidet i samarbeid med NHO, LO, Offshore Norge, Norwegian Offshore Wind, Fornybar Norge, Næringsforeningen Haugalandet, Bergen Næringsråd og Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland.
Om Utsira Nord:
Utsira Nord er Noregs første område for storskala flytande havvind, vest for Utsira og Haugalandet. Området er delt i tre prosjektområde som skal tildelast gjennom konkurranse. Stortinget har vedteke at staten kan gi inntil 35 milliardar kroner i støtte, tildelt gjennom ein konkurransebasert modell. Utsira Nord-feltet vil gi produksjon av vesentlege mengder ny fornybar kraft. I tillegg er målet å utvikle teknologi for flytande havvind, styrkje norsk leverandørindustri og leggje grunnlag for eksport av teknologi, kompetanse og tenester.