Yrkesmessa 2.0 – for framtida på Haugalandet

Kva skal du bli når du blir stor? Det spørsmålet møter tusenvis av ungdomar kvart år – og svaret kjem ofte først når dei får sjå, kjenne, spørje og erfare. Difor løftar vi no Yrkesmessa til eit nytt nivå.

Fra Yrkesmessa i 2024. FOTO: ALEKSANDAR ZECEVIC/HAUGALAND VEKST

Når over 3.200 tiandeklassingar og VG1- og VG2-elevar frå åtte kommunar på Haugalandet kjem til Tysvær Arena 23.–24. september, møter dei ikkje berre ei messe. Dei møter framtida si.

I tillegg gjennomfører vi Læreplasskonferansen som ein del av messa. Her møtest elevar frå vidaregåande skular og lærebedrifter til konkrete samtalar. Det har allereie gitt resultat: Fleire ungdomar har fått læreplass etter møtet på Yrkesmessa.

Meir enn ei messe

Yrkesmessa 2025 blir startskotet for det vi kallar Yrkesmessa 2.0 – ei kraftig fornying av ei allereie suksessrik og etterspurd møteplass. Vi går frå rundt 70 til over 100 utstillarar, utvidar arealet både inne og ute og legg til rette for meir interaktivitet. Her skal ungdom få prøve, oppleve og få reelle inntrykk – av arbeidskvardagar, maskinar, moglegheiter og menneske. For mange er dette det første møtet med det verkelege arbeidslivet – og sjansen er stor for at det er akkurat her dei finn retninga si.

Yrkesmessa er mykje meir enn inspirasjon og brosjyrar. Dette er ein strategisk arena for kompetansebygging, talentrekruttering og framtidsplanlegging. Vi veit at regionen står framfor store investeringar og omstillingar – innan energi, industri, bygg, infrastruktur, helse, reiseliv og teknologi. Då må vi ha folk – rett kompetanse, på rett plass, til rett tid. Difor må vi få ungdomane til å sjå seg sjølve i desse rollene – her heime på Haugalandet. Dei må forstå at dei ikkje treng flytte for å få spennande, meiningsfulle og framtidsretta jobbar. Det er her det skjer.

Brei oppslutning

Det er inspirerande å sjå kor stor oppslutning Yrkesmessa har fått. Nesten 100 utstillarar frå heile Haugalandet har valt å stille opp – private verksemder, offentlege tenester, bransjeorganisasjonar, vidaregåande skular og lærebedrifter. Dei ser verdien av å møte ungdom på deira premiss – og av å investere i framtida. Vi veit at dette krev både tid, ressursar og planlegging. Det krev prioritering og engasjement frå eigne tilsette. Difor vil eg rette ein stor takk til kvar og ein av dykk som stiller opp. De er heilt avgjerande for at Yrkesmessa skal vere ei levande og relevant oppleving – og de bidreg til noko større: ei samla regional kraftsamling for framtidig kompetanse.

I år utvidar vi også bruken av uteområdet ved fleirbrukshallen – særleg for bygg- og anleggsfag. Gravemaskin, lastebil, elektrikarbil, trafikkskule og teknisk utstyr står klare til å gi ungdomane praktiske opplevingar. For mange handlar valet ikkje om kva dei les, men kva dei får kjenne på – og det kan vere forskjellen på tvil og motivasjon.

Ein møtestad for framtida

Vi veit at mange unge trur dei må ut av regionen for å finne dei beste moglegheitene. Det er ei misforståing vi må ta tak i – og Yrkesmessa er eit av dei mest konkrete og effektive verkemidla vi har. Det handlar om å vise fram det store mangfaldet av jobbar og retningar som faktisk finst her.

Vi ser det også i Sildikon Valley-programmet, der studentar med sommarjobbar i lokale verksemder seier dei er overraska over kor mykje kompetanse og innovasjon som finst på Haugalandet. Det same skjer på Yrkesmessa: Ungdom får ei ny forståing av kva dei kan bli, og kvar dei kan bu.

Det handlar om framtid, men også om tilhøyrsle. Det handlar om å skape stoltheit over eigen region – og lyst til å bli verande. Her ligg kanskje vår viktigaste samfunnsoppgåve: å vise dei unge at det finst ei framtid her som er både trygg, relevant og spanande. Og det finst få ting som er viktigare – eller kjekkare – enn å stå ved sida av ein ungdom og sjå auge som lyser av nysgjerrigheit og moglegheit.

Velkomen til framtida. Velkomen til Yrkesmessa 2.0.

Sigmund Lier, dagleg leiar i Haugaland Vekst

Abonnér på våre nyhetsbrev