Statnett får konsesjon til Blåfalli-Gismarvik-prosjektet. – Godt samarbeid og påtrykk frå krefter i regionen har gjort dette prosjektet mogleg, seier energiminister Terje Aasland.

Etter seks års sakshandsaming og intensivt arbeid frå regionale krefter, gav Olje- og energiminister Terje Aasland i dag klarsignal til ny 420kV kraftleidning fra Blåfalli i Kvinnherad kommune til Gismarvik i Tysvær kommune. Konsesjonen omfattar også byggingen av ny tranformatorstasjon på Gismarvik.

Linja skal byggast for 420kV og vil med det gi ein betydeleg og sårt tiltrengd auke i nettkapasitet på Haugalandet – ein region med høgt forbruk og sterk forbruksvekst som er blant dei framste lokasjonane for realisering av ny grøn industri.

– Det er store planar om auka industriforbruk på Haugalandet, som det ifølgje Statnett ikkje vil vera forsvarleg å kopla til eksisterande nett. Skal me få nye industrietableringar i dette området, treng Haugalandet meir nett. Ein ny leidning frå Blåfalli til ny Gismarvik transformatorstasjon vil leggja til rette for nyetableringar, sysselsetting og vekst og forbetra forsyningstryggleiken og styrkja transmisjonsnettet i Rogaland, seier olje- og energiminister Terje Aasland. 

Ein merkedag for Haugalandet

Prosessen med å få på plass ei ny kraftlinje mellom Blåfalli i Kvinnherad kommune til Gismarvik i Tysvær kommune starta i 2017. Sjølve konsesjonssøknaden blei sendt frå Statnett til NVE våren 2020.

– Dette er ein merkedag for Haugalandet, noko me har jobba for og venta på veldig lenge. Blåfall-Gismarvik er heilt avgjerande for framtidige industrietableringar på Haugalandet. Det er lagt ned utruleg mykje arbeid frå regionen si side for å få dette til, seier Inger K. Haavik, dagleg leiar i Haugaland Vekst.

Feiring med kake og pressekonferanse i Haugaland Næringspark i dag. På biletet: Dagleg leiar i Næringsparken, Tiril Fjeld, saman med olje-og energiminister Terje Aasland.

Med den nye leidninga får regionen 500 MW med ny, grøn kraft. Mesteparten er allereie reservert til planlagd nytt forbruk, mellom anna petroleumsfelta Balder, Grane og Ringhorne (Vår Energi), delelektrifisering på Kårstø (Gassco) og Haugaland Næringspark.

– Dette er ein gledens dag for Haugalandet! Me har mista nokre store moglege industrietableringar i ventetida, men med dette på plass er me no blant dei aller mest attraktive lokasjonane for etablering av ny industri i Europa. Det er uføreseilegheit rundt tilstrekkeleg tilgang på kraft som har halde oss tilbake, men no kan me endelig tikka av denne boksen også, seier Tiril Fjeld, dagleg leiar i Haugaland Næringspark.

Konsesjonen legg også til rette for innmating av betydelege mengde havvind frå Utsira Nord. Statnett har slått fast at krafta frå Utsira Nord skal førast i land på Haugalandet

Avgjerande for ny grøn næringsutvikling

Passande nok blei gladmeldinga lagt fram på ein pressekonferanse i Haugaland Næringspark i Gismarvik i Tysvær.  

For Noregs største ferdigregulerte næringsområde er den nye kraftlinja heilt avgjerande. Utan straum kjem ikkje dei store industrietableringane hit, noko som vil ha stor betyding for industriutviklinga og verdiskapinga i heile regionen.

Traséen blir om lag 88 kilometer lang og går via kommunane Etne og Vindafjord. Statnett reknar med byggestart om eitt års tid og ferdigstilling i 2027.

Les pressemeldinga frå regjeringa her.