Regionråda for Haugalandet og Sunnhordland hadde felles regionrådsmøte i Tysvær fredag 9. juni. I møtet blei det vedteke ein kraftig uttale om viktigheita for å få Hordfast og Bakka-Solheim inn i NTP.  

I uttalen seier dei mellom anna: «Som ordførarar i denne regionen ser me med stor uro på statusen viktige prosjekt for vår region har fått i fagetaten sitt framlegg til ny NTP, og ikkje minst ser me med uro på enkelte uttalar som er kome frå andre aktørar. Me vil særleg peika på to viktige prosjekt; Bakka-Solheim på E-134 er heilt ute av Vegvesenet si prioritering, det må inn, og når det gjeld Hordfast på E-39 må ein følgja Vegvesenet si tilråding med vidare planlegging og byggestart  2026. Noko anna er uakseptabelt!»

Heile uttalen ligg her