Lokal redaktør til Haugaland Vekst
Torstein Tysvær Nymoen er tilsett som ny kommunikasjonsrådgjevar i Haugaland Vekst.
Nymoen kjem frå stillinga som redaktør i Grannar, lokalavisa for Etne og Vindafjord. Han har meir enn 30 års røynsle frå pressa. 17 av dei på Haugalandet, med journalist- og leiarfunksjonar i både Haugesunds Avis, Vestavind og Grannar. No ser han fram til å få vere med på å løfta fram regionen gjennom sin nye jobb i Haugaland Vekst.
– Eg ser det spanande å få bidra til å fremja regional vekst i eit dynamisk samarbeid mellom næringsliv og offentlege aktørar. Med bakgrunnen min som journalist og redaktør håpar eg å styrkja kommunikasjonsarbeidet gjennom strategisk historieforteljing, innhaldsproduksjon og eit tett samarbeid med gode kollegaer og med selskapet sine mange samarbeidspartnarar, seier Nymoen.
Skal bidra inn mot grøn energi og havvind
Nymoen er opphavleg frå Mosjøen, men har budd i Haugesund sidan 2008. Han overtek kommunikasjonsansvaret i Haugaland Vekst etter Gunn Evy Auestad. Sentrale oppgåver blir å vidareutvikla selskapet sin kommunikasjonsstrategi, utarbeida kommunikasjonsplanar, innhaldsproduksjon, medieinnsal, og kronikkskriving. Stillinga inneber også å bidra med kommunikasjonsstøtte opp mot kollegaer med fagområde som grøn energi og industri, havvind og rekruttering.
I Haugaland Vekst vil Nymoen jobba i eit spanande grensesnitt mellom pulserande næringsliv og offentlege aktørar. Med lang fartstid som journalist har Nymoen eit stort nettverk som blir nyttig i arbeidet med politisk påverknad og relasjonsbygging – ein viktig del av arbeidskvardagen til alle i Haugaland Vekst.
Svært mange godt kvalifiserte søkjarar
Dagleg leiar i Haugaland Vekst, Sigmund Lier, er svært fornøgd med det nye tilskotet til organisasjonen som består av sju tilsette med ulike ansvarsområde.
– Eg er glad for å få Torstein med på laget. Han har ein spanande bakgrunn som vil koma til god nytte i arbeidet med å løfta viktige saker for Haugalandet. Han gjekk heilt til topps i konkurranse med svært mange godt kvalifiserte søkjarar, seier Lier.