Ein dugnad for framtidas Haugaland
Finalen i sommarjobb-programmet Sildikon Valley vart nyleg arrangert i Haugesund. 35 studentar hadde jobba gjennom seks veker med å løyse reelle problemstillingar for lokale verksemder og offentlege aktørar på Haugalandet. For fleire av desse studentane blir sommaropphaldet starten på noko meir: Ein ny jobb, ei flytting heim – eller ei oppdaging av ein region dei ikkje kjende frå før.

Av Sigmund Lier, dagleg leiar i Haugaland Vekst
Sildikon Valley er ein del av ein større, regional innsats for å sikre framtidig kompetanse og verdiskaping på Haugalandet, koordinert av Haugaland Vekst. Gjennom dette målretta samarbeidet mellom eigarkommunane våre, Rogaland fylkeskommune og eit stadig breiare lag av verksemder i regionen, har både Sildikon Valley, Talentsamarbeidet og no nysatsinga Welcome Hub vorte sentrale verktøy for å møte ei av dei største utfordringane vi står overfor: Kampen om hovuda.
Kompetanse til ein region i endring
Mange unge reiser ut for å ta høgare utdanning – og det er både naturleg og bra. Utfordringa oppstår når dei ikkje kjem tilbake, ikkje fordi dei ikkje vil, men fordi dei ikkje veit kva som finst her heime. Difor må vi synleggjere moglegheitene, og det må gjerast tidleg. Når over 1 000 studentar søkte seg til årets Sildikon Valley, er det eit teikn på at innhaldet treffer. Dei får ikkje berre arbeidserfaring – dei får ein inngang til regionen.
Gjennom Talentsamarbeidet har over 30 partnarverksemder gått saman om heilårleg omdømebygging og rekrutteringsarbeid. Det skjer via karrieredagar ved NTNU, UiS og andre lærestader, gjennom synleggjering av ledige jobbar i kanalar som treff unge vaksne, og gjennom arrangement heime – som dei populære «Mingel»-kveldane for nye tilflyttarar. Slik byggjer vi relasjonar og gjer det enklare å velje Haugalandet både som arbeidsmarknad og buplass.
Internasjonale fagfolk må òg bli verande
Nyleg vart arbeidet med Welcome Hub Haugalandet sett i gang. Prosjektet starta som ein idé frå studentar i Sildikon Valley‑programmet i fjor og blir no realisert med støtte frå Rogaland fylkeskommune og Sparebankstiftelsen SR‑Bank. Målet er å hjelpe utanlandske arbeidstakarar og familiane deira med alt frå bustad og barnehage til å finne vener og aktivitetar. Det finst alt mange gode initiativ på feltet, men erfaring frå andre regionar viser at effekten blir mykje større når aktørane samordnar innsatsen. Vi veit at mange som kjem til regionen med høg kompetanse, forsvinn igjen etter kort tid – ikkje fordi jobben var dårleg, men fordi kvardagen utanfor jobben vart for vanskeleg eller einsam. Då mistar vi meir enn ein arbeidstakar – vi mistar moglegheita til å utvikle samfunnet vårt i takt med verdas behov.
Ein invitasjon til fleire
Det finst mange døme på verksemder som har fått varig gevinst av å delta i Sildikon Valley og Talentsamarbeidet. Men dette er ikkje eit tiltak berre for dei største. Også mindre verksemder med få tilsette har nytta ordninga til å teste ut nye idear, hente inn ny kompetanse – og i fleire tilfelle rekruttere nye kollegaer. Vi inviterer no fleire til å bli med. Ein treng ikkje binde seg for fem år – eit prøveår held for å sjå kva ein får att. Det finst mange former for deltaking; som arbeidsgivar for ein sommarstudent, som partnar i Talentsamarbeidet eller som støttespelar i Welcome Hub. Poenget er å bidra – og få noko igjen.
Haugalandet er i endring. Vi skal gjennom det grøne skiftet, vidareutvikle olje‑ og gassnæringa, styrkje det offentlege tenestetilbodet og halde oppe innovasjonstakta i industrien. Alt dette krev folk – og folk krev ei meiningsfull framtid. Vi veit at mange har lyst å bu her, jobbe her, bidra her. Men då må vi løfte fram moglegheitene, og vi må sørgje for at det å kome hit – eller kome tilbake – blir ein positiv overgang. Lat oss by på den jordnære velkomsten som gjer at flinke folk blir verande – og som gjer at ungdommen vår ser heimstaden som ein mogleg karrierearena, ikkje ein stad dei må reise frå. Framtida kjem uansett. Spørsmålet er kven som står klar på kaien når ho legg til.