Kompetanse går tapt

Næringslivet går glipp av høgt utdanna folk som alt bur på Haugalandet.

Lokalt næringsliv på Haugalandet går glipp av verdifull kompetanse fordi høgt utdanna innvandrarar og internasjonale tilflyttarar ikkje kjem inn i jobbar som matchar utdanninga deira. No vil Haugaland Vekst og Sammen om en jobb gjere noko med utfordringa.

I ein ny episode av Næringspodden fortel Karianne Ellefsen at mange som har flytta til Haugalandet, ofte saman med ein partnar, har bachelor- eller mastergrad utan å få brukt kompetansen sin.

– Det betyr at næringslivet går glipp av kompetanse som allerede er her, seier Ellefsen i podkasten.

Konsekvensen er ikkje berre vanskeleg for den enkelte. Det betyr òg at verksemder i regionen går glipp av arbeidskraft og fagkunnskap som allereie finst lokalt.

Næringslivet tapar kompetanse

I podkasten viser Ellefsen til tal frå SSB som vart trekte fram i samtalen: 40 prosent av innvandrarar med høg utdanning er overkvalifiserte, mot 12 prosent blant norskfødde. Ho peikar på språk, kulturelle forskjellar og manglande kjennskap til norsk arbeidsliv som årsaker til at mange ikkje kjem inn i relevante stillingar.

Karianne Ellefsen i Haugaland Vekst vil få meir av den internasjonale kompetansen på Haugalandet inn i relevant arbeid.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN/HAUGALAND VEKST

For ein region som treng kompetanse, blir dette eit paradoks. Samstundes som mange arbeidsgivarar har behov for folk, finst det personar på Haugalandet med høg utdanning og relevant erfaring som ikkje får innpass i arbeidslivet på rett nivå.

Det er denne utfordringa Haugaland Vekst og Sammen om en jobb no ønskjer å møte gjennom eit mentorprogram på Haugalandet.

Vil byggje bru til jobb

No søkjer dei mentorar frå næringslivet som kan følgje opp deltakarar éin til éin over seks månader. Mentor og deltakar skal møtast éin til to gonger i månaden, og opplegget er tilrettelagt med verktøy, plan og oppfølging undervegs.

Målet er å byggje bru mellom kompetansen som finst, og arbeidslivet som treng henne. Ifølgje Ellefsen treng ikkje mentorane å ha vore mentorar før. Det viktigaste er arbeidserfaring, kjennskap til norsk arbeidsliv og vilje til å bidra.

– Det er viktig at du har lyst til å bidra og føler at du har noe å komme med, seier ho.

Haugaland Vekst startar med å rekruttere mentorar, før deltakarane blir kopla på. Satsinga blir no prøvd ut som eit pilotprosjekt på Haugalandet, med mål om å få på plass ti mentorar.

De som ønsker å melde interesse som mentor, kan ta kontakt med Karianne Ellefsen i Haugaland Vekst for mer informasjon.

Hør Næringspodden her: https://pod.link/1614694244/episode/QnV6enNwcm91dC0xODgxNzkzMA

Abonnér på våre nyhetsbrev