3000 elevar møter arbeidslivet på Yrkesmessa

Tysdag 22. og onsdag 23. september blir Tysvær Arena Haugesund Sparebank fylt med rundt 3000 elevar og om lag 100 utstillarar frå heile Haugalandet. På Yrkesmessa får ungdom utforske yrke, utdanningar og jobbmoglegheiter – og møte menneska som kjenner arbeidslivet best.

Rundt 3200 elevar er venta til årets Yrkesmesse for Haugalandet. Her får ungdom møte bedrifter og utdanningsaktørar frå heile regionen. Biletet er frå fjorårets messe. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN/HAUGALAND VEKST

Tysdag 22. og onsdag 23. september blir Tysvær Arena Haugesund Sparebank fylt med rundt 3000 elevar og om lag 100 utstillarar frå heile Haugalandet. På Yrkesmessa får ungdom utforske yrke, utdanningar og jobbmoglegheiter – og møte menneska som kjenner arbeidslivet best.

Yrkesmessa for Haugalandet samlar bedrifter, offentlege verksemder, vidaregåande skular, opplæringskontor og høgare utdanning under same tak.

Målet er å gjere ungdom betre kjende med breidda av moglegheiter som finst, både når dei skal velje vidare utdanning og etter kvart finne vegen inn i arbeidslivet.

– Vi skal ikkje fortelje ungdommane kva dei bør bli. Vi ønskjer å vise dei kor mange moglegheiter som faktisk finst. Det er noko heilt anna å møte ein lærling, ein fagarbeidar eller ein student og kunne spørje direkte om utdanninga, jobben og vegen dit, seier prosjektleiar for Yrkesmessa, Vibeke Klungland i Haugaland Vekst.

Rundt 3200 elevar er venta til årets Yrkesmesse for Haugalandet. Her får ungdom møte bedrifter og utdanningsaktørar frå heile regionen. Biletet er frå fjorårets messe.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN/HAUGALAND VEKST

Nytt i år er ei utvida avdeling for høgare utdanning. Dermed får ungdommane høve til å bli betre kjende med fleire av utdanningsvegane som finst etter vidaregåande skule.

Samtidig står yrkesfaga sterkt. 58,6 prosent av ungdommane i Rogaland hadde yrkesfag som førsteønske til vidaregåande opplæring for skuleåret 2026/27. Det er ny rekord.

– Ungdommane skal gjere sine eigne val, men dei treng eit godt grunnlag å velje ut frå. Derfor ønskjer vi å vise både yrkesfag, vidaregåande opplæring, fagskule, høgare utdanning og dei mange ulike jobbmoglegheitene som finst på Haugalandet, seier Klungland.

Vitenfabrikken på plass

Eit anna nytt innslag i år er Vitenfabrikken frå Jærmuseet, som kjem til Yrkesmessa med utstilling og aktivitetar knytte til realfag og teknologi.

– Vi ønskjer at Yrkesmessa også skal vere ein stad der ungdom får prøve, utforske og bli nysgjerrige. Realfag og teknologi vil vere viktige på svært mange område i framtidas arbeidsliv, og derfor er vi veldig glade for å få Vitenfabrikken med på laget i år, seier Klungland.

På årets messe får Framtidsscenen ein tydeleg plass.

Her møter ungdommane menneske med ulike yrke og utdanningsbakgrunnar i uformelle samtalar. Dei skal snakke om mellom anna arbeidsdagen, vegen inn i yrket, utdanning, lønn og kva moglegheiter som finst.

Ungdommane sine eigne spørsmål skal stå sentralt.

– Vi ønskjer å få fram det ungdommane faktisk lurer på. Det kan vere spørsmål dei ikkje alltid stiller i eit klasserom eller finn svaret på ei nettside. På Yrkesmessa får dei møte folk som kan svare ut frå eigne erfaringar, seier Klungland.

Yrkesmessa er ein del av det regionale arbeidet gjennom Haugaland Vekst Ungdom, som skal byggje bru mellom skule, utdanning og arbeidsliv.

Ope for alle tysdag kveld

Yrkesmessa er ikkje berre for elevane som kjem på organiserte besøk gjennom skulane.

Tysdag 22. september frå klokka 17.00 til 20.00 er messa open for alle.

Tiandeklassingar og føresette er ei særleg viktig målgruppe, men også elevar på andre trinn, studentar, jobbsøkjarar og andre som ønskjer å bli betre kjende med utdannings- og jobbmoglegheitene på Haugalandet, er velkomne.

– Vi håpar mange foreldre og føresette blir med. Dei har stor betydning når ungdom skal velje, og arbeidslivet og utdanningsmoglegheitene har endra seg mykje sidan mange av oss vaksne sjølve stod framfor dei same vala, seier Klungland.

Yrkesmessa blir arrangert i Tysvær Arena Haugesund Sparebank tysdag 22. og onsdag 23. september.

FAKTA: YRKESMESSA FOR HAUGALANDET

• Blir arrangert 22. og 23. september 2026
• Stad: Tysvær Arena Haugesund Sparebank
• Rundt 3000 elevar deltek
• Om lag 100 utstillarar frå regionen
• Bedrifter, offentlege verksemder, vidaregåande skular, opplæringskontor og høgare utdanning deltek
• Nytt i år er ei utvida avdeling for høgare utdanning
• Vitenfabrikken frå Jærmuseet deltek for første gong med utstilling og aktivitetar innan realfag og teknologi
• Framtidsscenen gir ungdom høve til å møte menneske med ulik yrkes- og utdanningsbakgrunn
• Ope kveldsarrangement tysdag 22. september kl. 17.00–20.00. Ope for alle.

Abonnér på våre nyhetsbrev