Samla om helse, flyplass og samferdsel
Haugalandsrådet samla seg om helse, flyplass og samferdsel i møte på Haugaland Hestesportarena 17. april.
Haugalandsrådet brukte møtet i Haugaland Hestesportarena fredag 17. april til å løfta fleire av dei tyngste sakene for regionen. Bodskapen frå rådet var tydeleg: Haugalandet må stå samla om både helsetenester, flyplass og samferdselsløysingar dersom regionen skal få gjennomslag i viktige spørsmål for framtida.
Eit av hovudtemaa i møtet var orienteringa frå Helse Fonna om Vestlandslegen og arbeidet med ny utviklingsplan. Administrerande direktør Anders Hovland peika på at Vestlandslegen vil få stor betydning både for Helse Fonna og for Haugalandet som region. Ordninga inneber at studentane tek dei tre første studieåra i Bergen og dei tre siste ved regionale sjukehus, mellom anna i Haugesund. Helse Fonna er tildelt 20 studieplassar, og dei første studentane kjem til Haugesund frå hausten 2029.
Regionalt legeløft
For Haugalandet er dette meir enn ei utdanningssatsing. Vestlandslegen kan bli eit viktig grep for å styrkja rekrutteringa av legar til både sjukehus og kommunar. Samtidig var bodskapen frå Helse Fonna klar: Skal satsinga gi full effekt, krev det tett samarbeid mellom helseføretaket, kommunane, utdanningsmiljøa og andre regionale aktørar. Kommunane vil mellom anna få ei viktig rolle når det gjeld praksisplassar, bustad og tilrettelegging for studentane.

Hovland understreka også at regional mobilisering har vore viktig for å få Haugesund inn i ordninga. Dermed blei satsinga også løfta fram som eit døme på kva regionen kan få til når kommunar og aktørar arbeider i lag om eit felles mål.
Prosjektleiar Katrin Wegner orienterte deretter om arbeidet med ny utviklingsplan for Helse Fonna. Planen skal leggja retning for utviklinga av helsetenestene dei komande åra og vere det øvste strategiske dokumentet for føretaket. I den påfølgjande drøftinga gav rådet brei støtte til både Vestlandslegen og utviklingsplanarbeidet, og fleire peika på at eit sterkt Helse Fonna er avgjerande både for gode tenester, beredskap og regional utvikling.
Plan for framtida
Samtidig var rådet tydeleg på at kommunane må koplast tett på den vidare prosessen. Fleire peika på behovet for tidleg involvering og god forankring, slik at kommunane kan gi innspel før viktige prioriteringar blir lagde. Det var brei semje om at samarbeid mellom Helse Fonna og kommunane blir avgjerande dersom regionen skal lukkast både med rekruttering, samhandling og framtidige tenesteløysingar.

Status for Haugesund lufthamn blei også ein tung del av møtet. Styreleiar i Lufthavndrift AS, Terje Halleland, teikna eit alvorleg bilete av situasjonen flyplassen no står i. Etter pandemien har trafikken ikkje kome tilbake til tidlegare nivå, samstundes som kostnadene har auka. Endringar i taxfree-ordninga og store utgifter knytte til reasfaltering av rullebanen har ytterlegare svekt driftsgrunnlaget.
Halleland peika på tre moglege vegar vidare: reforhandling av avtalen med Avinor, kjøp av flyplassen eller tilbakelevering til Avinor. Han gjorde det klart at dagens situasjon ikkje er berekraftig over tid, og at det no hastar med politiske avklaringar.
Flyplass under press
I drøftinga som følgde, var støtta frå rådet tydeleg. Fleire løfta fram kor viktig flyplassen er for næringsliv, beredskap og regional utvikling, og det var brei semje om at Haugalandet må stå samla i det vidare arbeidet. Rådet signalisere òg støtte til den politiske tilnærminga som er vald, med mål om å påverka nasjonale styresmakter til å leggja til rette for ei løysing som tek vare på regionen sine interesser.

Samferdsel sto også sentralt på dagsordenen. Med utgangspunkt i «Vegtrapp for Haugalandet» drøfta rådet kva prosjekt regionen bør samla seg om i det vidare påverknadsarbeidet. Det var brei semje om å halda fast ved dei etablerte hovudprioriteringane, særleg E134 Bakka–Solheim og vidare utvikling av E39. Samtidig blei det peika på at fleire prosjekt framleis er i ein tidleg fase og difor først og fremst treng planmidlar for å kunna løftast vidare.
Karmsund bru blei trekt fram som eit prosjekt med stor betydning for både næringsliv, beredskap og samanhengen i bu- og arbeidsmarknaden. Karmøy-ordførar Leiv Arne Marhaug la fram forslag til uttale knytt til Nasjonal transportplan, med vekt på behovet for å starta planlegginga. Rådet la uttalen til orientering og som eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet.
Samling om samferdsel
Gjennom drøftinga blei eitt poeng særleg understreka: Haugalandet må opptre samla og koordinert dersom regionen skal få gjennomslag i samferdselspolitikken. Rådet peika på at sprikande prioriteringar vil svekkja krafta i påverknadsarbeidet. Difor blei det også lagt vekt på å halda fast ved eit tett samarbeid med Sunnhordlandsrådet i arbeidet med samferdselssakene. Ei samla røyst frå Haugalandet og Sunnhordland vil stå sterkare i møte med regionale og nasjonale styresmakter.

Dagleg leiar Sigmund Lier orienterte også om aktuelt arbeid i Haugaland Vekst, mellom anna innan energi og havvind. Det blei vist til pågåande arbeid knytt til Utsira Nord, besøk frå Nasjonalt kompetansesenter for havvind, arbeid med Matregion Haugalandet, Yrkesmessa og vidare oppfølging av regional strategi.
Vertskap for møtet var Haugaland Hestesportarena. Styreleiar Helene Bergersen orienterte om utviklinga av anlegget, som på få år har vakse fram som ein viktig regional arena for både breidde, toppidrett, tilrettelagde tilbod og arrangement. Arenaen blei også løfta fram som eit døme på korleis frivillig innsats, regionalt samarbeid og tydelege ambisjonar kan skapa verdi langt utover eigen aktivitet.
Møtet i Haugaland Hestesportarena synte eit Haugalandsråd som står samla i fleire av dei store sakene for regionen. Når det gjeld helse, flyplass og samferdsel, er bodskapen klar: Haugalandet er tent med å halda fast ved felles prioriteringar og samla kraft.

Protokollen fra møtet i Haugalandsrådet 17. april 2026: Protokoll
