Det er minimalt med plass for vogntog å passera kvarandre fleire stader på strekninga Bakka-Solheim på E134.

Ei rekkje lokale lastebilar og ordførarar var nyleg samla for å markera behovet for å få med Bakka- Solheim i Nasjonal transportplan (NTP) for 2025–2036. Bodskapen var like tydeleg då Haugalandsrådet etterpå møtte Samferdselsdepartementet i Oslo.

Haukelivegen E134 er ei hovudferdselsåre mellom aust- og vestlandet med stor trafikk – året rundt. Haugalandet jobbar iherdig med å få vegstrekninga Bakka-Solheim i Vindafjord og Etne inn i ny NTP, som blir lagt fram fredag før påske. Den 5.mars arrangerte Haugaland Vekst ein aksjon på E134 i Ølen og i Etne.

Med på Bakka-Solheim-aksjonen var ordførarane i Etne, Vindafjord, Sveio og Utsira, som sit i ressursgruppa for samferdsel på Haugalandet. Eit titals vogntog møtte opp for i bistå i ei simulering av korleis kvardagen er i trafikken på det som truleg er den dårlegaste Europavegen i landet. Fotograf med drone fanga opp potensielt farlege situasjonar på dei fire verste treffpunkta: Hiksdal, Fikse, Håfoss bru og i Stordalen.

– Dagens veg held ikkje Europavegstandard. Det må skje noko i NTP for å sikra både mjuke og vanlege trafikantar og det hastar, seier ressursgruppeleiar og Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal.

Statssekretær Tom Kalsås i Samferdeslsdepartementet møtte Haugalandsrådet på Oslotur den 13.mars.

Bakka-Solheim på agendaen i Oslo

NTP og Bakka-Solheim var på ny eit viktig tema då Haugalandsrådet var på Oslotur og møtte fleire statsrådar og statssekretærar, blant desse Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet

– Bakka-Solheim må inn i NTPen no. Me lever ikkje over å få auka trafikk frå Rogfast på vegnettet vårt over Bakka-Solheim, sa Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim til Kalsås.

Statssekretæren hadde ingen lekasjar med seg til Haugalandsrådet på Oslo-møtet, men understreka at fleire gigantprosjekt på både veg og bane vil bli utsett for å prioritera større summar til å utbetra flaskehalsar i heile landet.

– Det er ei vanskeleg og tøff prioritering, men me må bli betre til å ta vare på den infrastrukturen me har og departementet har fokus på geografisk fordeling, sa statssekretæren.